Turtips i Sogn

 

Nigardsbreen i Jostedalen

Nigardsbreen i Jostedalen
Køyretid: Om lag 2.5 timar ein veg.
Opplev: Breheimsenteret i Jostedalen åpna sommarsesongen 2013, og er klar for å ta imot nye gjester. Breheimssenteret er utgangspunkt for turane på breen.
Vandring på breen er ei flott og unik oppleving.
Mer info på jostedal.com.
Les mer om Nigardsbreen og se bilder på Wikipedia.
Nigardsbreen

Urnes Stavkyrkje

Urnes Stavkyrkje
Køyretid: Om lag 2 timar.
Opplev: Køyr til Solvorn, og ta ferja til Urnes. Om ein ikkje tek med bilen over fjorden er det om lag 15 minutt spasertur å gå frå ferjeleiet på Urnes til Kyrkja.
Ein flott tur.

Urnes-Stavkyrkje

Bremuseet i Fjærland

Bremuseet i Fjærland
Køyretid: Om lag 2 timar ein veg.
Opplev: I Fjærland kan ein sjå både Bøyabreen og Supphellebreen. I tillegg kjem ein ikkje utanom bremuseet like ovanfor sentrum i Fjærland.
Filmen om Jostedalsbreen og den flotte naturen ein får oppleve på ein spektakulær måte er verdt turen berre den.
Retur til Balestrand kan skje enten via Sogndal, over Gaularfjellet eller via Vadheim.
Dette er ein heildagstur.

Bremuseet

Gaularfjellet

Gaularfjellet
Køyretid: Om lag 1 time.
Opplev den bratte vegen opp til det nye utsiktspunktet som åpnar juni 2016.
Vegen er ein del av Nasjonale turistvegar, og snokar seg oppover den bratte dalen frå Vetlefjorden.
På toppen får ein oppleve det nye spektakulære utsiktspunktet.- Balestrand
Turen tilbake til Balestrand kan gå same vegen som ein kom, eller via Sande i Sunnfjord-Vadheim-Høyanger-Balestrand.

Gaularfjell